mandag 13. juni 2011

Iskaka og konfektkaka

I pinsen hadde eg besøk av lillesøster, storesøster med mann og barn. På lørdagen var det "familieselskap" hos meg. I tillegg til dei tilreisande, kom fetter med kjæreste, og bror til svoger med kjæreste. Altså, totalt 9 stk til middag. Me hadde det veldig kjekt:) Her er det dekka på, romdelaren har komt inn til veggen for anledningen, utebordet tatt inn og satt i forlengelse av spisebordet og med klappstolar frå boden, fekk alle sitteplass.

Til middag hadde me mosaka med salat, laga frå botn av. Gløymte heilt å ta bilder, så bilde og oppskrift komme på bloggen ein anna gong.


Til deser konfektkaka

Ei veldig god kaka og som har den store fordelen at den er glutenfri. Men tar litt tid å laga, brukte totalt 5t, men då gjorde eg ganske masse anna mens eg venta på at sukkeret skulle bli karamelisert, steiking, sjokoladen stivna osv. Og iskaka


Til 24 cm form trenge du dette:
10 digestiv kjeks, kluses og legges i botn av forma

3 eggeplommer
2,5 dl sukker
1 ts vaniljesukker
1 philadelfiaost
Pisk alt samen (tips, ta osten ut av kjøleskapet litt før, då blir den lettare å piska samen med dei øvrige ingrediensane)

3 dl fløyte, pisk stiv (eg brukte lett fløyte, har du lagt merke til at den har veldig lang holdbarhet?)

3 eggekviter piskes stive (hadde ein ny opplevelse her, dei sprakk og blei aldri stive :( godt eg hadde fleire egg:))

Bland samen innholdet i dei tre skålene og ha oppi forma
Frys kaka i minimum 4 t.
Ta den opp litt før servering, skjær rundt kanten, legg et fat oppå forma og snu rundt.

Serveres som den er, eller kansje med litt bær til, eller rør inn noko godt syltetøy (eg har prøvd heimelaga rørt jordbærsyltetøy:)).

Til 26 cm form auka eg oppskrifta med 20%, til 18cm form reduserte eg oppskrifa 25%.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar