lørdag 31. juli 2010

Tanteboller

Etter fire dagar med bruktbart ver, har veret på Bømlo skifta til overskya, duskregn og masse regn, og da skal det vara ei stund framover.
I går laga eg og bestemor boller. Eg kalla dette for tanteboller, oppskrifta har sikkert eit anna navn, men det er tante som har introdusert oppskrifta i vår familie og brukt den masse. Det som er spesielt i denne oppskrifta er at ein bakar ut bollene med ein gong ein har laga deigen, og så heving. Eg fekk 32 vanlige boller (store) og 12 kanel i svingande ut av dette:
250 gr melis
300 gr smør
1 l H-melk
100 gr gjær
1.5 kg kveitemjøl
salt kardemomme
Kok opp smør, melis og delar av melka. Rør ut gjæren i litt av veska. Tilsett gjæren når veska har ein temp på 37 gr. Ha i resten av ingrediensane. Elt deigen godt saman.
Trill ut bollene
Hev i 2 timar
Pensl bollene med egg
Steik på 225 gr i 10-15 min (ovnavhenging)
Tips: Er du usikker på om bollene er ferdige, snu ei bolle på brettet i ovnen, og bank på den på undersida med ein finger eller kniv, er det ein hol lyd, er bollene ferdige.
Og ein smakebit frå hagen:

....og grøftekanten

Ha ei fin helg!

1 kommentar: